Denne siden er arkivert, og kan inneholde utdatert, gammel eller feil informasjon.

Billig-rutiner under UKA

Me har etter kvart fått ein del erfaring fra UKAs bruk av Billig. UKA er stort sett veldig nøgde og har lite lyst til å gå tilbake til andre leverandører. Det er likevel ting som ikkje fungerer heilt bra, både av teknisk art (rekneskap, oppgjer og liknande rapporter) og meir praktiske ting. Av dei praktiske tingene sliter mange med å forstå at billetter ikkje er verdipapir, at Billig ikkje kan løyse alt mellom himmel og jord og at ting blir feil om ein skal skude seg med å legge inn informasjon.

Frister

I god tid før ein kan se for seg at UKA har lyst til å slippe billetter må ein ta kontakt med UKA og få klarhet i kva planer UKA har. Ein må sette fast fleire nivå med frister, og sørge for at dei vert fulgt. Det er klart at alle parter kan gløyme, så fristene bør ha margin for det, men ein skal på ingen måte basere seg på å tøye fristene som blir satt.

Framdrift Frist
Fryste slipp februar/mars
Slipp Heads up tidlegast mogleg
Slipp Spikring 7 dager før

Fyrste slipp

Bør ligge rundt februar/mars sånn at ein har rom for å gjere uka.no klar for billettsalg. Her er det mange eksterne avhengigheter: grafikken og webdesigner må ha klart eit design, avtaler med betalingsformidler må ordnast, akseptansetest må vere ferdig og heilt sikkert ein heil del andre ting.

Slipp

Ved kvart slipp må ein i fyrste omgang få informasjon om at det vert planlagt eit slipp, inkludert antat omfang og popularitet. Noko nermare det faktiske slippet må all informasjon om arrangementet leggast inn i Billig. Det er viktig å bruke korrekt og ekte informasjon. Dekknamn og falsk informasjon skal aldri inn i Billig. Er det uavklarte detaljer i forbindelse med kontrakt/management må ein legge inn det som mest sansynlig er riktig og ITK må få beskjed om at informasjonen kanskje må endrast.

Sjølv om det går veldig raskt å legge inn eit arrangement i Billig er det veldig mange andre avhengigheter som må innfris før ein kan selge billetter. Under både UKA-09 og UKA-011 gikk billettsalget ned på grunn av manglande oppfølging av frister og manglande informasjon til riktig tid. Plutselig finner ei avis på å publisere ei pressemelding før tida, UKA bestemmer seg for å ikkje ha kontroll over forskjellen på jukse-datoer og faktiske datoer, ansvarlige personer blir sjuke/er utilgjengelige. uka.no kjører gjerne i ein egen modus under store slipp, som gjer at innsida blir suppetreig. Det tar tid å bytte, og billettsalget vil tryne om det ikkje blir gjort ved store slipp.

I timene før slippet må slippansvarlig hos UKA og ITK ha løpende kontakt. Snakk om og ver enige om både reelle og offisielle tidspunkt. Tenk gjennom kva ein skal gjere om media slipper ein sak for tidlig. Sjekk driftsmeldinger fra betalingsformidler og ha kontaktinformasjon klar om betalingsformidler skulle få problemer. Følg med på tal og statistikker når billettene blir tilgjengelige: salg, logger, last. Ver førebudd på at ein må stenge salget – kva gjer ein isåfall?

Når salet er i gang, kan ein lene seg tilbake, starte logstalgia og se på at pengene strømmer inn.

Lenker: Start

Epost: itk@samfundet.no | Telefon: 992 15 925 | Sist endret: 2020-08-28 23:07 | Revisjon: 7 (historie, blame) | Totalt: 1887 kB | Rediger