UC6300

Dette er den kjipe typen av undersentralar til kortlåssystemet på Samfundet, og dei kjem med innebygd «DAC». Det vil i praksis seie at dei i det store og det heile ikkje har DAC, som igjen førar til at alt som skal koplast må førast i eigen leder frå døra til UC-en. Det som kan minne om ein UC ved dra er ein koplingsboks med 20 kroneplinter kor kabelen frå UC-en vert terminert med alle 20 trådane sine. Det er ikkje alle som er i bruk, så sjå i koplingsskjemaet under.

Ved brannalarm er sluttstykker i branndører med kortlås kopla via eit rele på Såpelageret som igjen er kopla på sluttstykkekursen frå hovedtavla til brannsentralen til branndører utan kortlås. Dette er herlig lite dokuementert, og det einaste som finnst av spor på det er ein grøn post-it-lapp i UC-en på Såpelageret. Releet er ellers fint montert på ei skinne i skapet. Sidan me ikkje snakker om 6416-sentralane skal eg lete vere å nemne korleis det ser ut i naboskapet.

Koplingsskjema

Kopling Kommentar
1 Dørsensor
2 Dørsensor
3
4
5 PW+ leser
6 PW- leser
7 Knapp
8 Knapp
9 Sluttstykke
10 Sluttstykke
11 C+ leser Kortslutt med 12 viss du fjerner ei dør
12 C- leser
13
14
15 Jord? 15 og 16 var jorda saman med kassen til lesaren på døra til fjerde. Ukjent om det er naudsynt.
16 Jord?
17
18
19
20

Dører kan heilt fint fjernast hardt og brutalt ved å nappe ut kablane som går til delene rundt og i døra frå koplingsboksen, men hugs å kortslutte kommunikasjonssløyfa til kortlesaren. Denne sløyfa går gjennom heile sentralen; frå dør til dør. Lesaren til døra til fjerde hadde adresse 0, som anten henger saman med at døra hang på utgang 0, eller at alle har 0. Eg antar at nummeret er synlig for heile sentralen, og at det ikkje er vanskelig å tulle til kva lesar som høyrar til kva dør. På nyare undersentralar har kvar dør si eiga sløyfe.

15 og 16 var òg kortslutta, så eg satte på ein lask der òg. Om det er naudsynt veit eg ikkje.

Laskane kan plasserast i sentralen (kan vere vanskelig å finne fram til) eller i koplingsboksen, som då altså ikkje kan fjernast sånn utan videre. Det enklaste og greiaste er sjølvsagt å fjerne heile undersentralar om gangen, men det er jo greit å kunne konsentrere seg om ei dør om gangen. På den måten kan du fint flytte ei dør på ein travel arbeidsdag når folk treng dei andre dørene på sentralen.

Soga om kortlesar sløyfedottir

Når fjerdedøra hoppa over på ARX levde dørene til Festivalen og Blæsten fint fram til nokon™ drepte cirkus som igjen gjorde at RiTA fikk ein tanke vondt og døyde. UC-en i fjerde vart støvla medan RiTA var nede, og fikk ikkje til å laste inn konfigen sin igjen, og uansett kor mykje me prøvde å fikse var det disko på kortleserane på dei nevnte dørene. Dårlig batteri i multimeteret gjorde at me trudde spenninga inn på sentralen var for låg. Symptomene på dørene minna om kva som skjer når det er for lav spenning. Til slutt bytta me batteri og fann at spenninga var heilt i orden. Etter mykje feilsøking, kor me mellom anna var innom riktig løysing, dagen etterpå, kontakta me Låsgruppen som kunne informere om at me måtte kortslutte linja gjennom det som ein gang hadde vore kortlesaren. Før den tid hadde me faktisk kopla til ei komplett «liksom»-dør utan å finne meir virk, men det viste seg etter litt tankearbeid å vere relatert til at RiTA hadde litt mykje å tenke på og ikkje kunne fortelle UC-en kva han skulle gjere. Takk til Låsgruppen for tips, med andre ord.

Mannen i andre enden av telefonen prøvde og å seie at disse undersentralane var vagt utdaterte, noko me jo er heilt einige i. Det er jo ikkje for ingenting me prøver å fjerne dører frå dei.

Lenker: Start

Mail: itk@samfundet.no | Telefon: 992 15 925 | Sist endret: 2011-02-15 20:38 | Revisjon: 2 (historie, blame) | Totalt: 1472 kB | Rediger